Årsfest

Arrangement

Dato
16. november kl. 19:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Fjellsportinteresserte
Turtyper
Arrangement, , Årsfest
Arrangør
TT Fjellsportgruppa

I god tradisjon skal vi nå gjenta fjorårets store årsfest.

Og siden fjoråret var en suksess, så sender vi ut fjorårets invitasjon på ny.

Vi gleder oss til å se dere 😊

Ein tur i regi av fjellsportgruppa i TT skil seg både i form og innhald frå resten av turane. I motsetnad til dei andre turane som gjerne varar ei helg, eller iallfall ein dag, startar denne turen klokka sju om kvelden. Og dei einaste verkelege turane som vert utført denne kvelden, er dei mange swingturane på dansegolvet, samt turane til og frå bordet for å forsyna seg med mat. Folkens – det er klart for årsfest!

Tidspunkt for oppmøte er kl 19 lørdag 16. november og som alltid skal festen gå føre seg i seglforeininga sine lokale på Skansen. Prisen er 200 kr.

Aktiviteter

Aktivitetar for kvelden spenner frå uhøgtidleg småprat og mingling, talar for herrer og damer, til den nokså formelle sjefstalen til ttf-leiaren. I tillegg kjem den velkjende prisutdelinga, der ttf’arar som på eit eller anna vis, i meir eller mindre positiv retning, har merka seg ut gjennom året som gjekk. For at årets prisar skal komma i rette hender treng ein nominasjonar frå medlemsmassen – så bidra til at dei små heltane i gruppa skal få sine velfortjente prisar  og send nominasjonar til underteikna, anten på mail eller via andre kommunikasjonsvegar.

Nominasjonen må innehalda namn og grunnlag for nominasjon. Kategoriar her er opp til den einskilde å finna ut, men må i utganskpunktet visa tilbake på episodar eller anna som har skjedd på turar med fjellsportgruppa.

Etter at middag, dessert , kaker og kaffi er inntatt, talar er haldne og prisane er delt ut, vil festmusikken runga over anlegget, og då kan ein gjerne ha dansefoten klar.

Dersom det finns entertainarar i gruppa er det berre å stikka seg fram - underhaldningsinnslag vert altså teke imot med takk.

Overnatting og mat

Tradisjonen tru vert dette ein korgfest. Det vil seia at alle tek med ein liten rett, det vera seg middagsrett, fingermat, dessert, kaker eller det ein måtte komma på. Her er det rom for å vera så lite eller mykje kreativ som ein måtte ønskja. For å sikra ei rimeleg grei fordeling av matrettar skriv ein i kommentarfeltet på påmeldinga kva ein tenker å ta med. I samband med måltidet er den einskilde ansvarleg for å ta med seg noko for fukting av lepper, svelg og magesekk.  

Overnatting må ordnast på eigen initativ.

Antrekk

Pent

 

Påmelding og betaling

http://ttfdb.no/

Maksimalt ca 70 personer.

Påmeldingsfrist 10. november.

Skriv i kommentarfeltet kva matrett du tenker å ha med.

Inngangspengane overføres via vipps (#504007 TT Fjellsportgruppa), evt overføring via nettbank, og kvittering skal visast ved inngang.

For ytterligere info ta kontakt med arrangementskomiteen ved Fredrik eller Jørn :D

Kontaktinformasjon: